• Framside
  • Takstar og teknikk
  • Til sals
  • CV
    • Utvida CV
    • Kontakt

    Profesjonelle arrangement tilpassa ditt ensemble

    Arrangering.no er eit foretak som tilbyr profesjonelle musikalske arrangement spesialtilpassa ditt ensemble.

    Konseptet er enkelt. Legg inn ei bestilling der du opplyser om kva du vil ha arrangert, om ensemblet ditt (storleik, nivå, spesielle tilpassingar), om kva type arrangement du ynskjer, og om kva form du ynskjer å få arrangementet i (notar, besifring, tabulatur, transponeringar), og eg vil produsere musikken.

    Arrangementet kan du få tilsendt elektronisk eller/og som ferdig trykte notar.

    Om arrangøren

    Øyvind Johan Eiksund har ein solid bakgrunn frå det musikkfaglege feltet, og arbeider for tida med ei doktorgrad om korsong på Sunnmøre. Gjennom dei siste ti åra har eg regelmessig skrive arrangement for ein rekkje kor og vokalgrupper, samt arrangert, komponert og tilrettelagt musikk for diverse ensemble. Besetningane eg har skrive for strekk seg frå barnegrupper og rockeband, til brassband og symfoniorkester. Eg har også hatt gleda av å vere dirigent for ein rekkje kor, og dirigerer for tida Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.
    Create a free website with Weebly