Arrangering.no
  • Arrangering.no
  • Takstar og teknikk
  • Tidlegare arbeid
  • Kjøp
  • CV
  • Kontaktskjema

TAKSTAR

Pris på eit arrangement vil variere i høve omfanget. Standard takstar på nyskrivne arrangement vil vere:

2-4 stemmer: 2000-3000,-
5-8 stemmer: 3000-4000,-

Ved bestilling av fleire arrangement vil prisen bli rabattert.

Øvingsfiler i form av lyd-CD, MP3 eller MIDI-filer vil vere inkludert ved ordrar på over 4000,-.

Andre oppdrag kan vere å reinskrive eller justere eksisterande arrangement, eller plukke arrangement frå lydkjelder. Pris på dette må vurderast ut frå omfanget.

TEKNIKK

Arrangering.no nyttar det profesjonelle komposisjons- og noteskrivingsprogrammet Sibelius i arbeidet med musikken. Mange års erfaring med dette programmet gjer at arrangement kan produserast på relativ kort tid. Å arbeide i Sibelius gir stor fleksibilitet i høve eventuelle justeringar som kan vere naudsynte, og valfridom i høve layout.

Arrangementa kan bli sendt i papirformat eller på e-post som PDF-filer. Om det er ønskeleg følgjer det med øvingsfiler i form av lyd-CD, MP3 eller MIDI-filer.
Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Arrangering.no
  • Takstar og teknikk
  • Tidlegare arbeid
  • Kjøp
  • CV
  • Kontaktskjema